Føredragshaldarar 2019

Fredthue-fotograf-er-ola-sc3a6ther.jpgrik Thue er professor ved senter for profesjonsstudier, OsloMet. Thue skal ha Skjervheimføreslesinga dette året. Han vil presentera ei nytolking av det historiske samanhengen mellom protestantisme, profesjonar og velferdsstat, med utgangspunkt i eit forskingsprosjekt han arbeider med for tida. Til sist vil han setja denne tolkinga i samband med kritikk av teknokratisk ekspertstyre, – eit av dei viktigaste elementa i arven frå Skjervheim.

EbbaBoyeprofilEbba Boye er samfunnsøkonom og leiar for Rethinking Economics Norge. Ho arbeider også som skribent og føredragshaldar, har m.a. fast spalte i Klassekampen. I sitt føredrag skal ho snakka om behovet for fornying i økonomifaget. Ho vil visa døme på overmot i faget, og manglande vilje til å tenkja kritisk om innarbeida teoriar i tider med nye utfordringar, som t.d. finanskrisa i 2008, og ikkje minst i høve til klimakrisa og overforbruk av knappe ressursar.

Skjermbilde 2019-03-16 kl. 14.00.11Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitet i Oslo. Han har arbeida mykje med etikk og sosialfilosofi, og har i mange år vore særleg oppteken av menneska sin respons på klimakrisa og overforbruk av naturressursar. Tittel på hans føredrag er «Krisen i relasjonen mellom menneske og natur». Han vil snakka om muligheiter for å bryta den destruktive spiralen, og om kva som kan skapa håp for framtida.

Skjermbilde 2019-03-16 kl. 14.04.21Lena Lindgren er politisk redaktør i Morgenbladet. Føredraget hennar handlar om teknologisk hybris og menneskesyn i samtida, som er eit tema ho har arbeida mykje med. Ho har sett på verdien av sansane, og den kommersielle interessa for det menneskelege sanseapparatet. Ho peikar på at den nye forma for kapitalisme vil annektera sansane som nye marknader, og det å vera eit fritt menneske vil vera å eiga eigne sansar. Ho diskuterer ulike samfunnsmessige utslag av denne situasjonen.

Stueland-EspenEspen Stueland er forfattar og litteraturkritikar, og kjem med ei bok om Eilert Sundt (1817-1875) i år. Gjennom sine 20 år som forskar skulle Sundt totalt endra synet sitt på kva folkeopplysning kunne brukast til. Som ingen hadde gjort før han, kartla han levekår og skikkar til småbøndene, arbeidarklassen og dei fattige. I starten såg Sundt seg sjølv nærmast som ein emissær for opplysningsprosjektet, men med aukande innsikt i korleis folk levde, endra han verdisyn. Han kom fram til at eliteklassane, med sitt nedvurderande syn på folket, i vel så stor grad trong å verta opplyst og realitetsorientert. Dette vart ikkje tatt godt imot. Forsøket på å korrigera fordommar og idealbilete skulle få store omkostningar.

Hvidsten-Andreas-HAndreas H. Hvidsten er statsvitar og er postdoktor ved Meninghetsfakultet. Han bidreg også i Skjervheimseminaret sin programkomité. Han skal ha ein avsluttande kommentar på seminaret, med utgangspunkt i føredrag og ordskifte under seminaret.

 

NovgorodGabriel Fliflet med Novgorod skal ha konsert før festmiddagen laurdag kveld. Novgorod kjem med originale tolkningar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar, nordsvensk swing og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.

Med i Novgorod er Gabriel Fliflet (trekkspill, sang), David Chelsom Vogt (fele, sang), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, sang) og Jørgen Sandvik (gitar, sang).