Vitskap og folkestyre i usikre tider

Academy

Skjervheimseminaret 2017 vert på Stalheim, 15.–17. september. Tema for seminaret er tilhøvet mellom vitskap og politikk. Vi skal sjå på vitskapsbasert ekspertstyre og folkestyre – særleg på felt der kunnskapar er uvisse og verdiar er omstridde. I mange tilfelle er det dessutan naudsynt å ta snøgge avgjerder der mykje står på spel, og der ein ikkje kan venta på meir forsking. Ei erkjenning som etter kvart har vunne meir fram, er at det trengst ei demokratisering av vitskapen. Han er for kompleks og viktig til berre å overlatast til ekspertar i normal vitskap, som ofte har spesialisert kunnskap på svært avgrensa felt. Eit såkalla postnormalt perspektiv på vitskap drøfter mange av desse problema.

Program 2017:

FREDAG 15. SEPTEMBER: KL. 18.30–20.30
Roger Strand: Alternative fakta? Vitskap og demokrati i ei postnormal tid.

LAURDAG 16. SEPTEMBER: KL. 09.00–18.30
Rasmus Slaattelid: Biletframstellingar av fakta.
Cathrine Holst: Kunnskapsbasert politikk?

Lunsj vert servert frå klokka 12.00 til 14.00.
Omvising i museet på Stalheim v/ Trygve Dugstad. Tur for dei som vil.

Utdeling av Skjervheimprisen 2017
Andreas H. Hvidsten: Om opprøret mot liberalismen.
Lena Lindgren & Marit K. Slotnæs: Mediene sitt samfunnsansvar i usikre tider.

Konsert med Gabriel Fliflet og Richard Burgess. Deretter vert det festmiddag.

SUNDAG 17. SEPTEMBER: KL. 09.00–12.15
Ottar Brox: På veg mot eit postindustrielt klassesamfunn?
Morten Jerven: Kommentar

Avslutting med song ved Ellen Marie Selland Geithung.

Lunsj vert servert frå klokka 12.15 til 13.30.

 

Hermund Slattelid om Vitskap og folkestyre i utrygge tider

Om vitskap og folkestyre i utrygge tider, av Hermund Slaattelid:

Vi er opplærde til å tenkja at det er  vitskapane  som gjev oss dei mest pålitelege verdsforklaringane, og at  problem eller såkalla utfordringar som menneska står overfor  best kan løysast av politikarar som baserer seg på vitskapleg kunnskap og teknologi.  Dette  vil vere til gagn og glede for dei fleste.

I dag rår det ei tillitskrise til vitskapen hjå mange.   Såkalla vitskapsbasert  økonomisk politikk i kapitalistiske land har  på ulike vis  gjort vilkåra for alt levande meir utrygge, han har skapt og skaper nye og alvorlege problem, til dømes stor fattigdom, helseskadeleg ureining, endringar i klima, og i det heile i levekåra for alt levande.

 I USA trugar presidenten med å skjera ned på løyvingar til klimaforsking sidan han ikkje trur på menneskeskapt oppvarming. I Tyrkia har president Erdogan bestemt at evolusjonsteorien skal framstillast som berre ein av fleire forklaringar på korleis liv har vakse fram.  I Ungarn vil dei styrande stengje internasjonale høgskular som ikkje underviser i samsvar med nasjonalpopulistisk ideologi.

Den 22. april tok vitskapsfolk over heile verda til gatene i ein March for Science. Dei demonstrerte   for at ”vitskapleg erkjenning framleis må vere grunnlaget for samfunnsmessig diskusjon”.

Eit anna syn enn dette har etter kvart vunne meir fram: Det trengst ei demokratisering av vitskapen. Han er for kompleks og viktig til berre å overlatast til ekspertar i normal vitskap. Dei har ofte spesialisert kunnskap på svært avgrensa felt.

Ut frå eit såkalla postnormalt perspektiv på vitskap drøfter mange desse problema:  kva for politiske fylgjer må det få at kunnskap i vår tid er uviss på mange felt, og at verdiar er omstridde, at snøgge avgjerder likevel må takast i saker der mykje står på spel, og der ein ikkje kan vente på meir forskning, t. d. når det gjeld klimaspørsmål. Eit postnormalt perspektiv inneber at vitskap må involvere kunnige samfunnsborgarar og berørte partar, dei som har kjent og kjenner problema på kroppen. Desse har ofte kunnskapar som ekspertar stundom manglar, dei vektlegg andre omsyn, dei er ikkje berre offer. I ei postnormal tid må ein ”borgarvitskap”  difor spele ein viktig rolle når det gjeld å utforme og realisere ei rettvis og berekraftig framtid.

Skjervheimseminaret vart skipa 9. september 1995, som ei grein av Laurdagsakademiet på Voss. Med på det konstituerande møtet var representantar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og lokale krefter.

Seminara har vore på Stalheim hotel i september og har samla rundt 200 deltakarar, og av dei har kvart år 60–110 vore nye deltakarar. Deltakarane har ulik yrkesbakgrunn og kjem frå heile landet.