Skjervheimseminaret 2018

Fredag 14. – sundag 16. september 2018

«Kunsten å verta vaksen»

På seminaret tek vi for oss kva det å verta vaksen handlar om i vår tid. Kva utfordringar står individ og samfunn overfor, og kva ressursar har vi til å møta dei? Korleis er våre kollektive forteljingar om kva som er viktig, om kva som står på spel? Kva er dei kollektive «blindsonene» våre? Og kva har vi eigentleg for førestellinga om eit vellukka liv?


FREDAG 14. SEPTEMBER:  KL. 19.00–20.30

Åsne Dorthea Grøgaard: Lengten etter ansvar.

Ole Jacob Madsen: «Generasjon prestasjon» — hva står på spill, for hvem?


LAURDAG 15. SEPTEMBER:  KL. 09.00–18.30

Nina Björk: Vad förutsätter det goda livet? Om realistiske drömmar.

Olga Dysthe: Dialog som rommar spenning og konfrontasjon — eit bakhtinsk perspektiv.

I lunsjpausen vert det høve til omvising i museet på Stalheim, eller til å gå turar.

Utdeling av Skjervheimprisen 2018.

Gry Stålsett: «Ikke skam deg for at du er menneske.»

Etter programmet vert et konsert og festmiddag.


SUNDAG 16. SEPTEMBER:  KL. 09.00–12.15

Eivind Meland: Forvisningen av de spontane livsytringer — et løgstrupsk perspektiv på den diagnostiserende kultur.

Thorvald Steen: Om selvrespekt og kollektiv forakt for svakhet.

Avslutting med song ved Ellen Marie Selland Geithung.


Føredragshaldarar

Åsne Dorthea Grøgaard er masterstudent i filosofi ved UiO.

Ole Jacob Madsen er førsteamanuensis ved Psykologisk institutt ved UiO. Han er psykolog og filosof, og har skrive fleire bøker om samfunnspsykologi. 

Nina Björk er svensk forfattar, litteraturvitar, frilandsjournalist og feminist. Ho bur i Skåne i Sverige.

Olga Dysthe er professor emerita ved Institutt for pedagogikk ved UiB og tidlegare lektor i v.g. skule. Ho har forska på språk og kommunikasjon, og har skrive mange bøker.

Gry Stålsett er psykologspesialist ved Modum Bad og førsteamanuensis i religionsfilosofi ved MF. Ho har særleg arbeida med å setja på dagsorden dei utbreidde skamlidingane i vår tid.

Eivind Meland er allmennlege og professor emeritus ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB. Han har mellom anna forska på ungdomshelse og motivasjon.

Thorvald Steen er forfattar. I den siste boka si Det hvite badehuset (2017) skriv han sjølvbiografisk om då han som tenåring oppdaga at han har ein alvorleg arveleg sjukdom.

Fra Stalheim, Dahl.jpgIC Dahl: «Fra Stalheim» (1842)