Hans Skjervheim – filosof og samfunnsdebattant

skjerv

Hans Skjervheim frå Myrkdalen i Voss var ein sentral filosof og samfunnsdebattant i Noreg frå 1950-åra og fram til 1990-åra. Han hadde ei sjeldan evne til å knyta saman teori og praksis, og han forklarte samanhengar konkret og tydeleg, slik at det var råd for vanlege folk å skjøna kva det handla om i deira liv. Han var kjend for si tiltru til gode dialogar.

Skjervheim skreiv mellom anna det kjende essayet «Deltakar og tilskodar». Han held fram at demokratiet er avhengig av at folk er både opplyste og engasjerte, og at vi har ein open offentleg dialog om utfordringar og løysingar. Sagt med litt andre ord: Skjervheim arbeida med å synleggjera kvifor det er både klokt og naudsynt for menneske og samfunn å tenkja lengre og vidare enn berre til sitt eige her og no, og at vi treng samtalen til å hjelpa kvarandre med dette.

Skjervheim er også kjend for å dra i gang debatten i Noreg om positivisme i samfunnsvitskapane, og var kritisk til at berre det som kan observerast og målast er vitskap og fundament for kunnskap

(Portrettet av Hans Skjervheim er teikna av Åsne Dorthea Grøgaard. Bilde av Roald Nesheim).