Under er reisetips til Stalheim med tog og buss frå Oslo og frå Bergen.
Stalheim hotel ligg knappe tre mil aust for Voss sentrum.
TIL STALHEIM (fredag 9. september):
Buss frå Voss stasjon, frå bussterminalen rett utanfor togstasjonen:
Ekstrabuss for Skjervheimseminaret går frå Voss stasjon til Stalheim hotel ca. kl. 14:00, slik at det høver for dei som kjem med med Oslo-toget 13:49. Bussen er framme til Stalheim ca. kl. 15:00. Dersom toget er forseinka, så ventar bussen. (Seminardeltakarar vil få e-post med tilbod om å tinga plass på ekstrabussen.)
Det går rutebussar frå Voss stasjon til Stalheim hotel med fylgjande avgangar:
- Rutebuss med avgang frå Voss 14:45, framme til Stalheim hotel 15:30. Buss er merka «950 Gudvangen o/ Stalheim».
- Rutebuss med avgang frå Voss 16:10, framme til Stalheim hotel 16:55. Bussen er merka «950 Gudvangen o/ Stalheim».
- Ekpressbuss, avgang frå Voss 17:15, framme til Stalheimheimkrysset 17:53. Dette er 800 meter frå hotellet, ring hotellet på tlf 56 52 01 22 dersom du treng å bli henta. Til ekpressbussen må ein tinga plass på førehand.
Tog frå Oslo til Voss:
Alternativ 1: Tog frå Oslo S 08:25 – framme på Voss stasjon 13:49.
Alternativ 2: Tog frå Oslo S kl. 10:25 – framme på Voss stasjon 15:50.
Alternativ 3: Tog frå Oslo S klokka 08:25, med turen «Norge i et nøtteskall»: Oslo S-Myrdal med Bergensbanen, Flåmsbana ned til Flåm, båt på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden (på UNESCO si verdsarvliste), til Gudvangen ca. kl. 17:15. Buss til Stalheim hotell ca. 17:25, som er framme ca. kl. 17:40. (Retur på sundag via Voss.)
Alternativ 4: Tog frå Oslo S 06:25 – framme på Voss stasjon 12:03.
Tog frå Bergen til Voss:
Toget frå Bergen tek ca. ein time og 15 min, og går frå Bergen til fylgjande tider: 12:30, 13:22, 13:49, 14:26, 15:29, 15:44 og 16:29.
HEIMREISE (sundag 11. september):
Ekstrabuss frå Stalheim til Voss kl. 14.00, etter lunsj. Bussen er framme på Voss stasjon 14:45.
Det går rutebussar frå Stalheim til Voss stasjon med fylgjande avgangar:
- Rutebuss frå Stalheim hotel kl. 12:10, som er på Voss stasjon 12:55.
- Rutebuss frå Stalheim hotel kl. 18:15, som er på Voss stasjon 19:00.
- Ekspressbuss frå Stalheim til Bergen: Ekspressbuss med NOR-WAY går kl. 13:25 frå Stalheimskrysset, og er framme i Bergen 16:05. NB – må bestilla plass på førehand.
Frå Voss stasjon til Oslo:
Alternativ 1: Tog frå Voss stasjon kl. 15:06, til Oslo kl. 20:45.
Alternativ 2: Tog frå Voss stasjon kl. 17:00, til Oslo kl. 22:27.
Frå Voss stasjon til Bergen:
Tog frå Voss til Bergen kl. 14:05, 15:09, 15:55,17:01 og 18.08. Turen tek ca. 1 time og 15 minutt.
Ekspressbuss frå Stalheim til Bergen (NB – må bestilla plass på førehand):
- Ekspressbuss frå Stalheim til Bergen (via Voss): Ekspressbuss med NOR-WAY går kl. 13:25 frå Stalheimskrysset, og er framme i Bergen 16:05.
- Ekspressbuss frå Stalheim til Bergen (via Voss): Ekspressbuss med NOR-WAY går kl. 16:25 frå Stalheimskrysset, og er framme i Bergen 19:00.
Om de reiser med eigen bil, så finn de best ut av reiseruta sjølve. Det er fint om fleire kan reisa i lag om de køyrer bil, for å letta parkeringa på Stalheim og av omsyn til miljøet.