Historikk

Skjervheimseminaret vart skipa 9. september 1995, som ei grein av Laurdagsakademiet på Voss. Med på det konstituerande møtet var representantar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og lokale krefter.

Seminara har vore på Stalheim hotel i september og har samla rundt 200 deltakarar, og av dei har kvart år 60-110 vore nye deltakarar. Deltakarane har ulik yrkesbakgrunn og kjem frå heile landet.

Her fylgjer oversyn over innhaldet i seminara:

1996: Seminar om arbeidet til Hans Skjervheim, som då vart 70 år. Det var 17 innleiarar frå UiB, UiO, UiT og andre. Etter seminaret redigerte vi boka Regime under kritikk. Om Hans Skjervheim i norsk filosofi (Aschehoug 1997).

1997: Folkedanning og folkehelse. Skjervheimførelesing ved professor Dag Østerberg.

1998: På leit etter det sivile samfunnet. Skjervheimførelesing ved professor Francis Sejersted: «Om ytringsfridom.»
Etter seminaret redigerte vi boka Det sivile samfunn. Oppseding, verdiar og offentleg meining (Aschehoug 1999).

1999: Kunnskapsregime under kritikk. Skjervheimførelesing ved professor Øyvind Østerud: «Om makt og demokrati».

2000: Om liberale dilemma i en global økonomi. Skjervheimførelesing ved Kåre Willoch.

2001: Om samtale. Skjerheimførelesing ved professor Jostein Børtnes: «Om dei kappadokiske fedrane og russisk dialogtenking hjå Dostojevski og Bakhtin.»

2002: Det tolerante dilemma. Skjervheimførelesing ved professor Ioanna Kucuradi: «Tolerance and the Limits of Toleration.»

2003: Filosofi, dikting og politikk. Skjervheimførelesing ved professor Rune Slagstad: «Den evige gjenkomst – Nietsche som sportsfilosof.»

2004: Fundament og fundamentalisme. Skjervheimførelesing ved professor Fredrik Barth: «Vårt møte med Midt-Østen.»

2005: Om liberale dilemma. Skjervheimførelesing ved stipendiat Cathrine Holst: «Om liberale dilemma».

2006: Religion og modernitet. Skjervheimførelesing ved professor Gunnar Skirbekk: «Den filosofiske uroa og det sårbare liv».

2007: Imperium og ovmod. Skjervheimførelesing ved Lars Roar Langslet: «Minner om Hans Skjervheim.»

2008: Den nye kapitalismen og kulturen. Skjervheimførelesing ved professor Thora Margareta Bertilsson«Vetenskapen och medborgarna. Om kunskapsamhället, marknadstänkande och demokrati.»

2009: Filosofi i vår tid. Seminar i høve 70-års-dagen til professor Jon Hellesnes.

2010: Norsk klimapolitikk og Kyoto – med spesiell vekt på karbonlagring i skog. Fagseminar.

2013: Fleirstemt modernitet – ved 200-årsfeiringa av Ivar Aasen og Camilla Collett.  Innlegg ved Hermund Slaattelid, John Dale, Jan Inge Sørbø, Silje Aambø Langvatn, Svein Ivar Angell, Andreas Skartveit, Francis Sejersted, Rune Slagstad, Asle Toje og Elisabetta Cassina Wolff.

2014: Ansvar og utvegar. Om klimaskifte, vitskap og politikk. Innlegg ved Thorvald Sirnes, Rasmus Slaattelid, Trygve Refsdal, Ingrid Ballo, Ragnhild Freng Dale, Trond Arnesen, Mathias Kaiser, Ragnar Fjelland, Marta Norheim og John Dale.

2015: Folkeskikk og naboskap. Om å leva med motsetnader. Innlegg ved Anne Arneberg, Ragnar Fjelland, Jørn Øyrehagen Sunde, Hans Fredrik Dahl, Solrun Samnøy, Søren Birkevad, Trygve Refsdal, Geir Pollen, Oddbjørn M. Melle og Kirsti Stuvøy.

2016: Utopiar og dømekraft. Innlegg ved Hilde Sejersted, Hermund Slaateelid, Gunnar Schei, Vibeke Roggen, Rune Slagstad, Nora Taksdal, Leidulf Melve, Øyvind Østerud, Lena Lindgren og John Dale.