Også til Skjervheimseminaret 2022 er det råd å søkja om studentstipend.
Stipenda er på kr. 2500, og føreset at studenten sjølv betaler eigenandel på kr. 500. Stipend og egenandel (til saman kr. 3000) dekkjer seminaravgift og opphald på Stalheim.
Søknaden må innehalda ei kort grunngjeving om kvifor ein ynskjer å delta på seminaret, informasjon om kva studie ein går på og namn på studiestad.
Søknad om studentstipend kan sendast ved å fylla ut skjemaet under.
Stuentar som får tildelt plass, betaler eigenandelen på kr. 500. Ved avmelding før 15. august vert eigenandelen betalt attende. Studentar som får tildelt stipend vert innkvartert på dobbeltrom saman med ein annan student.
Søknadsfrist 1. juni.