Skjervheimseminaret på Stalheim har vore arrangert 24 gonger, med ei særmerkt blanding av føredrag, ordskifte og uformelle samtalar over tre dagar. Seminaret tek opp aktuelle spørsmål frå kultur, samfunnsdebatt, åndsliv og politikk. Skjervheimseminaret vart arrangert for fyrste gong i 1996, for å markera arbeidet til filosofen og samfunnsdebattanten Hans Skjervheim (sjå under).
Eit oversyn over seminarrekka ligg under fana HISTORIKK. Kvart seminar samlar ca. 200 deltakarar frå heile landet, og mange kjem att år etter år. Tilbakemeldingane frå deltakarane er at det er stor trong for denne typen seminar, der ein får dvela ved aktuelle tema ei heil helg, og der det er rom for at ulike perspektiv vert drøfta.
Med slike rammer for filosofisk fellestenking og direkte menneskemøte blir seminaret ein slags motkultur til den gjengse offentlege samtalen, som er prega av tidspress og digitale kommunikasjonskanalar. Denne forma for seminar byggjer opp verdien av kritikk, ikkje som personkritikk, men som ei form for anerkjenning som utfordrar, slik at vi alle kan bli klokare. Slik kan Skjervheimseminaret også inspirera folk til å bry seg om samfunnet si utvikling, til å søkja innsikt bak store overskrifter og «tatt for gitt-sanningar», og til å tydelegare sjå korleis ein kan vera med å ta samfunnsansvar.
Seminaret er ope for kven som helst, og mellom målgruppene er folk «midtveges i livet», som har hovudansvar for krevjande samfunnsoppgåver, hektiske arbeidsdager og lite ro til tenksam refleksjon og til å møtast på denne typen samlingar. Ei anna målgruppe er studentar, og vi har ei ordning med stipend som studentar kan søkja på.
Skjervheimseminaret ynskjer å gje rom for tenksam refleksjon og gode samtalar.
Om Hans Skjervheim
Hans Skjervheim frå Myrkdalen i Voss var ein sentral filosof og samfunnsdebattant i Noreg frå 1950-åra og fram til 1990-åra. Han hadde ei sjeldan evne til å knyta saman teori og praksis, og han forklarte samanhengar konkret og tydeleg, slik at det var råd for vanlege folk å skjøna kva det handla om i deira liv. Han var kjend for si tiltru til gode dialogar.
Skjervheim skreiv mellom anna det kjende essayet «Deltakar og tilskodar». Han held fram at demokratiet er avhengig av at folk er både opplyste og engasjerte, og at vi har ein open offentleg dialog om utfordringar og løysingar. Sagt med litt andre ord: Skjervheim arbeida med å synleggjera kvifor det er både klokt og naudsynt for menneske og samfunn å tenkja lengre og vidare enn berre til sitt eige her og no, og at vi treng samtalen til å hjelpa kvarandre med dette.
Skjervheim er også kjend for å dra i gang debatten i Noreg om positivisme i samfunnsvitskapane, og var kritisk til at berre det som kan observerast og målast er vitskap og fundament for kunnskap.
Foto: Roald Nesheim.