Om seminaret

Skjervheimseminaret på Stalheim er eit særmerkt seminar som årleg samlar samfunnsengasjerte folk for å gå i djupna på aktuelle spørsmål frå kultur, samfunnsdebatt, åndsliv og politikk. Skjervheimseminaret vart arrangert for fyrste gong i 1996, for å markera arbeidet til filosofen og samfunnsdebattanten Hans Skjervheim. Under fana HISTORIKK kan ein lesa meir om Hans Skjervheim. Der ligg også eit oversyn over seminarrekka.

Kvart seminar samlar 150–200 deltakarar frå heile landet, og mange kjem att år etter år. Under ei tematisk overskrift, inneheld seminaret ei blanding av føredrag, ordskifte og uformelle samtalar over tre dagar. Tilbakemeldingane frå deltakarane er at det er stor trong for denne typen seminar, der ein får dvela ved aktuelle tema ei heil helg, og der det er rom for at ulike perspektiv vert drøfta.

Med slike rammer for filosofisk fellestenking og direkte menneskemøte blir seminaret ein slags motkultur til den gjengse offentlege samtalen, som er prega av tidspress og digitale kommunikasjonskanalar. Denne forma for seminar byggjer opp verdien av kritikk, ikkje som personkritikk, men som ei form for anerkjenning som utfordrar, slik at vi alle kan bli klokare. Slik kan Skjervheimseminaret også inspirera folk til å bry seg om samfunnet si utvikling, til å søkja innsikt bak store overskrifter og «tatt for gitt-sanningar», og til å tydelegare sjå korleis ein kan vera med å ta samfunnsansvar.

Seminaret er ope for kven som helst, og mellom målgruppene er folk «midtveges i livet», som har hovudansvar for krevjande samfunnsoppgåver, hektiske arbeidsdager og lite ro til tenksam refleksjon og til å møtast på denne typen samlingar. Ei anna målgruppe er studentar, og vi har ei ordning med stipend som studentar kan søkja på.

Skjervheimseminaret ynskjer å gje rom for tenksom refleksjon og gode samtalar.



Skjervheimseminaret let seg gjennomføra takka vera hjelp frå våre støttespelarar.

STOR TAKK FOR ØKONOMISK STØTTE FRÅ: