Reisetips til Stalheim

Under er reisetips til Stalheim med tog og buss frå Oslo og frå Bergen
Stalheim hotel ligg knappe tre mil aust for Voss sentrum. Det går ein del rutebusser mellom Voss og Stalheim. Seminaret set dessutan opp ekstrabuss fredag og søndag.

TIL STALHEIM — FREDAG 12. september:

Tog frå Oslo til Voss, fire ulike alternativ:

  1. Tog frå Oslo S. kl. 06:25 – framme på Voss stasjon 12:03.
  2. Tog frå Oslo S. kl. 08:25 – framme på Voss stasjon 13:48.
  3. Tog frå Oslo S. kl. 12:03 – framme på Voss stasjon 17:51.
  4. Tog frå Oslo S. klokka 08:25, med turen «Norge i et nøtteskall»:
    Oslo S. – Myrdal med Bergensbanen, Flåmsbana ned til Flåm, båt på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden (på UNESCO si verdsarvliste), til Gudvangen ca. kl. 17:15, der det går buss som er framme ved Stalheim hotell ca. kl. 17:40.

Tog frå Bergen til Voss:
Toget frå Bergen tek ca. ein time og 15 min, og går frå Bergen fredag til fylgjande tider: 12:32, 13:17, 14:23, 15:15, 15:37, 16:19 og 16:46.

Buss frå Voss stasjon til Stalheim hotel, fire  alternativ:

  1. Ekstrabuss for Skjervheimseminaret; avgang frå Voss ca. 14:00, slik at det høver for dei som kjem med Oslo-toget 13:48. Dersom toget er forseinka, så ventar bussen. Bussen er merka «Skjervheimseminaret» og står i busslomma utanfor Voss kulturhus. Ein må gå på nedsida av stasjonen og så gå over på andre sida av hovudvegen.
  2. Ekspressbuss* med Vy med avgang frå Voss 13:15, er ved Stalheimkrysset ca. 13:53. Buss er merka «Vy Express til Lærdalsøyri».
  3. Rutebuss med avgang frå Voss 16:10, er på Stalheim hotel ca. 16:55. Bussen går frå busstasjonen utanfor jernbanestasjonen, og bussen er merka «950 Gudvangen o/ Stalheim».
  4. Ekstrabuss for Skjervheimseminaret; minibuss med avgang frå Voss stasjon ca. 18:00, slik at det høver for dei som kjem med Oslo-toget 17:51. Dersom toget er forseinka, så ventar minibussen. For å sikra seg plass i minibussen, så må ein reservera plass innan 8. sept. ved å senda e-post til Skjervheimseminaret. Minibussen er merka «Skjervheimseminaret».  

Buss frå Bergen til Stalheim:
Ekspressbuss* med NOR-WAY, avgang frå Bergen 15:20, framme til Stalheimkrysset 17:53. 

*Til ekspressbussar må ein tinga plass på førehand. Stalheimkrysset er 800 meter frå hotellet, det er om lag 20 min å gå (alternativ 2 og 4 over). Ring hotellet på tlf. 56 52 01 22 dersom ein treng å bli henta.

HEIMREISE — SØNDAG 14. SEPTEMBER:  

Ekstrabuss for Skjervheimseminaret: avgang frå Stalheim hotel til Voss kl. 13.45 (etter lunsj). Bussen er framme på Voss stasjon 14:30.

Rutebuss går frå Stalheim til Voss stasjon med fylgjande avgangar:

  1. Avgang frå Stalheim hotel kl. 12:10, er på Voss stasjon innan 12:55. Dei som skal ta Oslotoget kl. 13.03 frå Voss stasjon, kan fylgja denne rutebussen.
  2. Avgang frå Stalheim hotel kl. 17:55, som er på Voss stasjon 18:45.

Tog frå Voss stasjon til Oslo søndag, tre ulike alternativ:

  1. Tog frå Voss stasjon kl. 13:03, til Oslo S. kl. 19:05.
  2. Tog frå Voss stasjon kl. 16:57, til Oslo S. kl. 22:27.
  3. Tog frå Voss stasjon kl. 18:07, til Oslo S. kl. 00:05.

Tog frå Voss stasjon til Bergen:
Tog frå Voss til Bergen søndag har avgang kl. 12:59, 13:51, 14:06, 15:30, 17:00, 17:54 og 19.13. Turen tek ca. 1 time og 15 minutt.

Ekspressbuss* frå Stalheim til Bergen (via Voss) med NOR-WAY har fylgjande avgangstider frå Stalheimskrysset: 16.33 og 19.41.
*
Til ekspressbuss må ein bestilla plass på førehand.

Om de reiser med eigen bil, så finn de best ut av reiseruta sjølve. Det er fint om fleire kan reisa i lag om de køyrer bil, for å letta parkeringa på Stalheim og av omsyn til miljøet.