Skjervheimprisen

Skjervheimprisen vert tildelt nokon som har markert seg med sterkt samfunnsengasjement «i Skjervheim si ånd». Det kan vera gjennom bidrag til den offentlege debatten, eller gjennom ulike lokale og ubyråkratiske tiltak i det sivile samfunnet, utanfor dei store sentralt drivne offentlege systema. Prisen løftar fram personar eller organisasjonar som har vist mot og uthald i viktige samfunnsspørsmål som ikkje får tilstrekkeleg eller adekvat merksemd, eller nokon som gjennom sin innsats viser alternative, og sårt tiltrengde perspektiv.

Ein anonym gjevar i Oslo har gjeve økonomisk støtte til Skjervheimseminaret til finansiering av prisen, og prisen er på kr. 60 000.

Prisvinnar 2025: anja bakken Riise

Anja Bakken Riise vert tildelt Skjervheimprisen 2025 for si tydelege deltaking i det offentlege ordskiftet. Som miljøaktivist og mangeårig leiar av Framtiden i våre hender har ho stadig understreka at omfanget av klimaendringar og naturtap er ei krise som gjeld alle, og som difor må møtast med kollektive tiltak.

Med truverdig og inkluderande argumentasjon har ho oppmoda stortingspolitikarar og andre med makt og ansvar til å gjera politiske vedtak der rettferd og omsyn til planeten si tolegrense får forrang. Det målretta arbeidet for større merksemd på samfunnsansvaret har gjeve resultat, til dømes når det gjeld lovverk for å avdekka barnearbeid på importerte produkt, eller etiske retningslinjer til oljefondet. Respektfull og lyttande har ho gått i dialog med ulike grupper som representer interesser som kolliderer med miljørørsla, som til dømes i boka Parterapi – for oljefolk og klimaaktivistar. Ho har også skrive boka Mitt klimaregnskap, der ho nøkternt brukar sitt eige liv for å konkretisera dilemma i ein vanleg, norsk livsstil, som er prega av forbruk. Utan å bagatellisera ansvaret til kvar einskild, viser ho kor avgjerande det er at miljøkrisa vert møtt gjennom ein heilskapleg politikk for at tiltak skal monna. Anja Bakken Riise er ein modig, klok, uthaldande miljøaktivist som igjen og igjen hevdar at ubehagelege sanningar må få plass i det offentlege ordskiftet, og at bagatellisering eller tildekking av sanninga er eit sjølvbedrag som på sikt vil ha langt større omkostningar for samfunnet vårt.

Prisvinnar 2024: Sigurd Hverven

Prisvinnar Sigurd Hverven er ein ung og vågal norsk filosof, som arbeider i Skjervheim si ånd på fleire måtar. For det fyrste er han ein glimrande formidlar av kompliserte filosofiske tankar på norsk. I si siste bok, «Hegel. En ganske enkel bok om en vanskelig filosof», bringer han tung tysk filosofi til ålmenta, utan å fordumma eller tabloidisera. Dette gjeld ikkje berre Hegel, men òg til dømes Hans Jonas og den moralske realismen hans, som Hverven brukar for å formulera ein naturetikk for vår tid i boka «Ville verdier». Denne er tilgjengeleg for alle som spør etter ein djupare refleksjon om forholdet vårt til naturen. 

For det andre, og endå viktigare enn Hverven si evne til å formidla, er viljen hans til å nytta den filosofiske bakgrunnen sin i det offentlege ordskiftet. Dette vert ikkje alltid påskjønna i dagens teljekantssystem i akademia, men slik offentleg meiningsutveksling er særs viktig for å ta vare på filosofien sitt samfunnsoppdrag.

Skjervheim argumenterte med at dersom filosofi vert ein reint abstrakt tankeleik, berre interessant for andre filosofar, vil han ikkje ha nokon innverknad på dei konkrete utfordringane våre. Dei vert då reint praktiske problem. Det er «då at filosofien må vera den nødvendige uroa som sår tvil, og gjer det som har vorte for lett, tyngre, slik at det kan få den rette tynga i seg att», som Skjervheim skriv i essayet «Filosofi og livsvisdom». 

Å bruka Hegel i samfunnsdebatten, slik Hverven har lukkast med, opnar nye perspektiv. Det tilfører også ei tyngd og eit alvor som viser at det står meir på spel enn me kanskje har tenkt over. For det omfattande filosofiske arbeidet han alt har gjort – og med håp om å inspirera til vidare innsats – vert Sigurd Hverven tildelt Skjervheimprisen for 2024.

Prisvinnar 2023: Simen Sætre

Prisvinnaren tek for seg svært ulike tema og miljø i sitt forfattarskap; og det alle desse tema har til felles, er at dei omhandlar sentrale aspekt ved det norske samfunnet, og at dei rører ved maktubalanse og utfordrar det norske sjølvbiletet. Vi snakkar om ein forfattar som pirkar i sjølvtilfredsheit og sjølvbedrag, ikkje berre av den personavhengige, individuelle sorten, men òg den som pregar oss som fellesskap; vi som trudde vi var ideologisk vaksinert mot terror – slikt skjer ikkje her, ikkje av ein av oss; vi som trudde vi var verdas reinaste produsent av fossil energi (så rein at han skifter farge frå svart til brun til grøn); vi som held oss med miljøstandardar i oppdrettsnæringa som andre land berre kan drøyma om. Kort sagt: Noreg som føregangsland.

Forfattaren granskar den oljefinansierte velferdsstaten nedanfrå og ovanfrå, innanfrå og utanfrå, frå ståstadene til svært ulikt plasserte aktørar – rusmisbrukaren, den radikaliserte bloggaren og den nyrike oppdrettsentreprenøren. Slik oppstår det eit forfattarskap som søkjer opp stadene det gjer vondt å vera norsk, som avdekker konfliktvegring utan å søkja konflikt for konflikten si skuld. Ein forfattarskap som er prega av uavhengige og sjølvstendige perspektiv med eit tvisyn av beste skjervheimske merke framfor vedtekne sanningar, i ei offentlegheit der det å gå utanfor allfarveg og gje blaffen i lesarklikk trengst meir enn nokon gong.

Prisvinnar 2022: Ole Thorstensen

Tømrarmeister og forfattar Ole Thorstensen får Skjervheimprisen 2022 for sitt arbeid for å lyfta fram korleis kvalitet i byggfaget er eit samfunnsansvar. Med sine to bøker og elles deltaking i det offentlege ordskifte, har Ole Thorstensen vist kor avgjerande god byggekvalitet er i eit samfunn, og korleis politiske vedtak dei siste tiåra har ignorert og undervurdert dette fagfeltet.

I boka «Bare en jobb» tar han for seg dei utilsikta konsekvensane av opning for import av arbeidskraft, som mellom anna har ført til at utanlandske arbeidarar i stor grad er underbetalte og manglar grunnleggjande rettar på arbeidsplassen. Dei får ikkje den nødvendige opplæring i språk eller fagkompetanse, og må dessutan bera omkostningane med å bu og arbeida langt frå eige heimland og familie.

På førebiletleg vis har han gått inn for å utforska dette problemfeltet grundig, og reiste til Polen for å arbeida som tømrar på ein byggeplass der, utan å kunna språket. Han fortel på ein fengande og jordnær måte om eigne og andre tømrarar sine erfaringar, og viser både stoltheita over fagkunnskap, og avmakta i å leva med eit system som ikkje verdset denne fagkunnskapen. I boka viser han også korleis kvalitet i byggebransjen er avgjerande for ressursbruk og samfunnsøkonomi, og den uheldige utviklinga dei seinare åra står i kontrast til den prekære behovet for å spara på naturressursar og nedskalera overforbruk. 

I skjervheimsk ånd har Ole Thorstensen lyfta fram eit samfunnsproblem som i stor grad er oversett og ikkje har fått den merksemd det treng i politikk og offentleg ordskifte.

Prisvinnar 2021:
Sissel saue & Ole Hamre

Glade prismottakarar Sissel Saue og Ole HamreSkjervheimprisen 2021 gjekk til Sissel Saue & Ole Hamre for sitt nyskapande arbeid med «Fargespill». Med eit brennande engasjement for å gje rom til livskrafta i musikken, oppdaga dei nye muligheiter for kommunikasjon og fellesskap som gjekk forbi språklege og praktiske barrierar. Dei inviterte barn og unge som var nye i Noreg til å utrykkja seg gjennom song, musikk og dans. I eit likeverdig samarbeid i Fargespill fekk desse barna og ungdommane ta i bruk det mangfald av ressursar dei hadde i seg til å skape noko nytt saman. Det er snart to tiår sidan denne vakre ideen vart sett ut i livet, og i dag er dette ei kunstnarisk arbeidsform som blomstarar i fleire deler av landet. I sitt iherdige arbeid med Fargespill har Sissel Saue og Ole Hamre i haldning og handling vist praktisk klokskap av framifrå kvalitet.

 

Prisvinnar 2020: Julie Wilhelmsen

Julie Wilhelmsen Skjervheimprisen 2020Skjervheimprisen 2020 gjekk til Julie Wilhelmsen, seniorforskar ved NUPI. Priskomieteen har fylgjande grunngjeving:

Julie Wilhelmsen er ei av dei dyktigaste og modigaste stemmene i den utanrikspolitiske debatten, særleg når det gjeld vårt forhold til Russland. I lang tid har ho arbeida iherdig for å skapa forståing og nyansera fiendebilete av vår stormaktsnabo i aust. Dette har tidvis vore upopulært i politiske krinsar, men det har bidrege til å stimulera den elles ganske neddyssa debatten rundt norsk tryggingspolitikk. Wilhelmsen si deltaking i offentlegheita byggjer på forsking på toppnivå, noko som gir tyngde og presisjon. Hennar evne til å opna opp viktige samtalar og problematisera premiss har ein klar skjervheimsk kvalitet over seg, og er av ein karakter som komiteen gjerne skulle sett endå meir av i norsk offentlegheit.

Prisvinnar 2019: norsk målungdom

Skjervheimprisen 2019 gjekk til Norsk Målungdom for arbeidet dei har gjort og gjer for det nynorske språket. Norsk målungdom står i ein lang tradisjon av  unge studentar som har arbeidd for nynorsk mål. I dag har Norsk Målungdom formulert føremål sitt slik:

«Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, at fleire skal velja nynorsk og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet.»

Norsk målungdom arbeider politisk for språkleg rettferd for studentar når det gjeld læremateriell. Dei godtek ikkje at språklege rettar for nynorskbrukarar blir neglisjert på grunn av kostnader eller med andre bortforklaringar. For tida føregår det eit arbeid med ny språklov i Noreg, og Norsk målungdom er politisk engasjert for å påverka utfallet av denne prosessen.

Norsk målungdom arbeider også for å leggja til rette for møteplassar for unge nynorskbrukarar. På desse møteplassane får dei læra om det nynorske språket, og identiteten som nynorskbrukarar vert styrkt.

Levande demokrati er eit nøkkelord for Norsk målungdom, og arbeidet deira er tufta på prinsippet om å gje plass til og ivareta det mangfaldet som fins. Slik står det i deira grunnlagsdokument:

«Folkeleg deltaking er føresetnaden for eit levande demokrati. Viljen til demokrati har vore ein raud tråd gjennom heile nynorsksoga. Ei viktig side ved målreisinga var å gje folk flest høve til å delta fullt ut i det norske demokratiet og kulturen. Målarbeidet handlar framleis om å kunna ta del i demokratiet på likeverdig grunn.»

Prisvinnar 2018: SIMON MALKENES

Simon Malkenes er lærar, og har i mange år delteke i det offentlege ordskifte om skulepolitikk, og han har vore ein skarp kritikar av den typen målstyring som er vorte så utbreidd. Han har og kritisert ordninga med fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Oslo, og argumentert for at dette har ført til større skilnader mellom skulane, og at det i realiteten har utvikla seg A- og B-skular i byen.

Malkenes har snakka offentleg om negative konsekvensar som leiinga ikkje har synt vilje til å erkjenna og diskutera. Han har vorte ein talsmann for læraren sin profesjonelle integritet, og har peika på kor relevant, naudsynt og sjølvsagt det er at lærarar deltek i det offentlege ordskiftet om skulen. Slik har han vore til inspirasjon for mange lærarar og andre som er oppteken av eit ope offentleg ordskifte om skulepolitikk, og som meiner at den einsidige resultatmålinga, har mange negative konsekvensar for kvaliteten i den norske skulen. Mellom anna har han kritisert at måleinstrumenta som vert nytta, berre måler bitar av skulen sitt oppdrag, og seier lite om korleis skulen fyller oppdraget om ei allmenndanning som skal byggja både individ og samfunn.

Prisvinnar 2017: OTTAR BROX

Brox er ein samfunnsforskar som i tillegg til å gå djupt inn i sitt fagfelt, også har gått inn i  den offentlege debatten med stor kraft, og har peika på korleis fagkunnskap — og mangel på fagkunnskap —  påverkar politikk.

Ottar Brox har alltid reist relevant og kvass kritikk av regionale samfunnsplanar, og har særleg påpeika at økonomisk vitskap og anna fagkunnskap vert brukt for å legitimere politikk som kan strida mot viktige interesser til lokalsamfunnet.

I den første boka hans, «Hva skjer i Nord-Norge», som vekte slik oppsikt, finn me desse orda: «Men jeg håper denne boka kan leses som et forsøk på å belyse nye, mer generelle problemstillinger: Hva slags samfunn er vi egentlig i ferd med å skape? Vil vi ha det slik det ser ut til å bli? Finnes det alternative mål for vårt økonomiske strev, og hvilke midler er vi villige til å ta i bruk for å oppnå disse?»

Prisvinnar 2016: KJERSTI SANDVIK

Med boka Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret (Gyldendal, 2016) går mangeårig fiskerijournalist Kjersti Sandvik grundig gjennom det norske lakseoppdrettet si utvikling frå den spede pionertida og fram til den enorme masseproduksjonen vi har i dag.
 
Ho ser på heile spekteret av miljøutfordringar, og viser korleis næringa sitt sjølvbilete og den politiske handteringa står i vegen for gjera næringa berekraftig. Sandvik har gjort seg fortent til prisen gjennom det modige og viktige arbeidet ho har gjort med denne boka.
 

Prisvinnar 2015: ANDREAS HVIDSTEN

I eit bokessay i Norsk filosofisk tidsskrift (nr 1-2015) går Hvidsten kritisk gjennom den nye antologien «Hans Skjervheim – en kritisk nylesning». I essayet viser Hvidsten at forfattarane av antologien, Per Otnes, Dag Østerberg, Hans Ebbing og Olav Mjaatvedt, misforstår sentrale aspekt av Skjervheim si tenking.

Han tek til orde for at ein reell kritikk av Skjervheim burde ta utgangspunkt i reelle politiske problemstillingar og samfunnsvitskapen si rolle i høve til slike problemstillingar. Bokessayet har tittelen «En forspilt mulighet. En kritisk lesing av en kritisk nylesning». Hvidsten (f. 1985) er stipendiat ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Prisvinnar 2014: RAGNHILD FRENG DALE

 
I grunngjevinga vart fylgjande trekt fram: Ragnhild Freng Dale (1989) får Skjervheimprisen for sitt iherdige arbeid for å auka medvitet i norsk offentlegheit knytt til klimaendringar og energiomstilling.
 
Ho har som representant for 350.org og Klimastudenter vore med å løfta debatten om det institusjonelle ansvaret i omstillingsarbeidet opp til høgste nivå i universitetsleiinga, og til ein brei debatt på nasjonalt plan.
 
 
 
PRISVINNAR 2013: ELISABETH AASEN, lektor, historikar og statsstipendiat.
Fekk prisen for sitt arbeid for kvinnesaka og for bøkene ho har skrive om kvinneliv, om kvinners kulturhistorie og om skrivande kvinner frå mellomalderen til vår tid. 

PRISVINNAR 2008: NILS FAARLUND, naturfilosof, tindebestiger og fjellfører.
Fekk prisen for sin mangeårige innsats for naturen.

PRISVINNAR 2006: FIRE GEITEBUDEIER FRÅ UNDREDAL.
Fekk Skjervheimsprisen etter at dei hadde greidd å overtyda Mattilsynet om at det måtte bli tillate å bruka tradisjonsbasert kunnskap i produksjonen av geitost.

PRISVINNAR 2004: LISBETH PALME, barnepsykolog.
Fekk prisen som framståande talskvinne for barns rettar heime og ute, og for sin kamp mot slavearbeid og seksuell utnytting av barn.

PRISVINNAR 2003: WALID AL-KUBAISI, irakisk-norsk forfattar.
Fekk prisen for sitt kritiske mot, innsikt og innleving i ulike kulturar, og for å vera ein kulturell brubyggar.

PRISVINNAR 2001: VEMUND AARBAKKE, professor ved UiB i Balkan-studier. Fekk prisen for å gjera norsk Balkan-politikk og det offentlige ordskiftet meir opplyst.

PRISVINNAR 2000: ODD GAARE. Essayist og lektor i norsk.
Fekk Skjervheimprisen for sitt essay med tittelen «Hans Skjervheim og den andre. Refleksjoner over symmetribegrepet».

HAR DU FRAMLEGG TIL EIN VERDIG PRISKANDIDAT?
Fyll ut skjemaet under og send det til oss innan 1. mai 2026.

← Back

Takk for ditt framlegg til priskandidat