Stipend for studentar

Også i 2025 er det råd å søkja studentstipend.

Stipenda er på kr. 2500, og føreset at studenten sjølv betaler eigendel på kr. 500. Stipend og eigendel (til saman kr. 3000) dekkjer seminaravgift og opphald på Stalheim.

Søknaden må innehalda ei kort grunngjeving om kvifor ein ynskjer å delta på seminaret, informasjon om kva studie ein går på og namn på studiestad. Stipenda gjeld studentar som tar høgare utdanning, eller ungdom som er i vidaregåande opplæring.

Søknad om studentstipend kan sendast ved å fylla ut skjemaet under biletet av 2024-stipendiatane.

Studentar som får tildelt plass, betaler eigendelen på kr. 500. Ved avmelding før 15. august vert eigendelen betalt attende. Studentar som får tildelt stipend vert innkvartert på dobbeltrom saman med ein annan student.

Søknadsfrist 15. juni.

Gå attende

Your message has been sent

Åtvaring
Åtvaring
Åtvaring
Åtvaring
Åtvaring
Åtvaring
Åtvaring!