Det er mogeleg å søkja på studentstipend til Skjervheimseminaret. Stipenda er på kr. 3000 og dekkjer seminaravgift og opphald på Stalheim (på dobbeltrom), samt kr. 600 til reisekostnader.
Søknaden må innehalda ei kort grunngjeving om kvifor ein ynskjer å delta på seminaret, informasjon om kva studie ein går på, om studiestad, og dessutan kopi av studentbevis.
Det er midlar til 25 stipend, og tildelinga vil skje etter fyrstemann-til-mølla-prinsippet. Søknad om studentstipend kan sendast ved å fylla ut skjemaet under.
Dei som vert tildelt plass, betaler eit depositum på kr. 900. Ved avmelding før 1. sept. vert kr. 600 av depositumet betalt attende.