Historikk

Skjervheimseminaret vart arrangert for fyrste gong i 1996, for å heidra arbeidet til den høg akta filosofen Hans Skjervheim frå Myrkdalen. Eit oversyn over seminarrekka finns nedst på denne sida.

Hans Skjervheim frå Myrkdalen i Voss var ein sentral filosof og samfunnsdebattant i Noreg frå 1950-åra og fram til 1990-åra. Han hadde ei sjeldan evne til å knyta saman teori og praksis, og han forklarte samanhengar konkret og tydeleg, slik at det var råd for vanlege folk å skjøna kva det handla om i deira liv. Han var kjend for si tiltru til gode dialogar.

Skjervheim skreiv mellom anna det kjende essayet «Deltakar og tilskodar». Han held fram at demokratiet er avhengig av at folk er både opplyste og engasjerte, og at vi har ein open offentleg dialog om utfordringar og løysingar. Sagt med litt andre ord: Skjervheim arbeida med å synleggjera kvifor det er både klokt og naudsynt for menneske og samfunn å tenkja lengre og vidare enn berre til sitt eige her og no, og at vi treng samtalen til å hjelpa kvarandre med dette.

Skjervheim er også kjend for å dra i gang debatten i Noreg om positivisme i samfunnsvitskapane, og var kritisk til at berre det som kan observerast og målast er vitskap og fundament for kunnskap.

skjerv

Foto: Roald Nesheim

OVERSYN OVER TIDLEGARE SEMINAR:

2024: HISTORIE OG HÅP. Innlegg ved Andreas Hvidsten, Sylo Taraku, Mimir Kristjansson, Ingeborg Misje Bergem, Linn Stalsberg, Priya Bains, Lena Lindgren, Sturla Stålsett og Arne Johan Vetlesen. Program 2024 og føredragshaldarar 2024.

2023: ADJØ SOLIDARITET? Innlegg ved Andreas Hvidsten, Jørn Ljunggren, Marianne Marthinsen, Thorbjørn Røe Isaksen, Ole Thorstensen, Gulraiz Sharif, Lena Lindgren, Maria Berg Reinertsen og Simen Sætre. Program 2023 og føredragshaldarar 2023.

2022: DEN VANSKELEGE SAMTALEN. Innlegg ved Andreas Hvidsten, Anders Johansen, Arne Johan Vetlesen, Julie Ane Ødegaard Borge, Jonas Kittelsen, Gina Gylver, Ketil Skogen og Maria Berg Reinertsen. Program 2022 og føredragshaldarar 2022

2021: PRAKTISK KLOKSKAP. Innlegg ved Hilde Vinje, Gunn-Britt Retter, Dag Hareide, Ingerid S. Straume, Jan Grue, Gunnar Yttri og Andras H. Hvidsten. Program 2021 og Føredragshaldarar 2021

2020: BLINDSONER. Innlegg ved Øyvind Østerud, Ebba Boye, Marie Storli, Kristoffer Chelsom Vogt og Julie Wilhelmsen.  Program 2020  og Føredragshaldarar 2020. Øyvind Østerud sitt føredrag kan du sjå ved å trykkja på denne lekkja

2019: MOT OG OVERMOT. Innlegg ved Fredrik W. Thue, Arne Johan Vetlesen, Lena Lindgren og Espen Stueland. Program 2019 og Føredragshaldarar 2019

2018: KUNSTEN Å VERTA VAKSEN. Innlegg ved Åsne Dorthea Grøgaard, Ole Jacob Madsen, Nina Björk, Olga Dyste, Gry Stålsett, Eivind Meland og Thorvald Steen. Program 2018

2017: VITSKAP OG FOLKESTYRE I USIKRE TIDER.  Innlegg ved Roger Strand, Rasmus Slaattelid, Cathrine Holst, Andreas H. Hvidsten, Lena Lindgren, Marit K. Slotnæs, Ottar Brox og Morten Jerven. Program 2017

2016: UTOPIAR OG DØMEKRAFT. Innlegg ved Hilde Sejersted, Hermund Slaateelid, Gunnar Schei, Vibeke Roggen, Rune Slagstad, Nora Taksdal, Leidulf Melve, Øyvind Østerud, Lena Lindgren og John Dale. Program 2016.

2015: FOLKESKIKK OG NABOSKAP. Om å leva med motsetnader. Innlegg ved Anne Arneberg, Ragnar Fjelland, Jørn Øyrehagen Sunde, Hans Fredrik Dahl, Solrun Samnøy, Søren Birkevad, Trygve Refsdal, Geir Pollen, Oddbjørn M. Melle og Kirsti Stuvøy. Program 2015

2014: ANSVAR OG UTVEGAR. OM KLIMASKIFTE, VITSKAP OG POLITIKK. Innlegg ved Thorvald Sirnes, Rasmus Slaattelid, Trygve Refsdal, Ingrid Ballo, Ragnhild Freng Dale, Trond Arnesen, Mathias Kaiser, Ragnar Fjelland, Marta Norheim og John Dale. Program 2014.

2013: FLEIRSTEMT MODERNITET – ved 200-årsfeiringa av Ivar Aasen og Camilla Collett.  Innlegg ved Hermund Slaattelid, John Dale, Jan Inge Sørbø, Silje Aambø Langvatn, Svein Ivar Angell, Andreas Skartveit, Francis Sejersted, Rune Slagstad, Asle Toje og Elisabetta Cassina Wolff. 

2010: Norsk klimapolitikk og Kyoto – med spesiell vekt på karbonlagring i skog. Fagseminar.

2009: Filosofi i vår tid. Seminar i høve 70-års-dagen til professor Jon Hellesnes.

2008: Den nye kapitalismen og kulturen. Skjervheimførelesing ved professor Thora Margareta Bertilsson«Vetenskapen och medborgarna. Om kunskapsamhället, marknadstänkande och demokrati.»

2007: Imperium og ovmod. Skjervheimførelesing ved Lars Roar Langslet: «Minner om Hans Skjervheim.»

2006: Religion og modernitet. Skjervheimførelesing ved professor Gunnar Skirbekk: «Den filosofiske uroa og det sårbare liv».

2005: Om liberale dilemma. Skjervheimførelesing ved stipendiat Cathrine Holst: «Om liberale dilemma».

2004: Fundament og fundamentalisme. Skjervheimførelesing ved professor Fredrik Barth: «Vårt møte med Midt-Østen.»

2003: Filosofi, dikting og politikk. Skjervheimførelesing ved professor Rune Slagstad: «Den evige gjenkomst – Nietzsche som sportsfilosof.»

2002: Det tolerante dilemma. Skjervheimførelesing ved professor Ioanna Kucuradi: «Tolerance and the Limits of Toleration.»

2001: Om samtale. Skjerheimførelesing ved professor Jostein Børtnes: «Om dei kappadokiske fedrane og russisk dialogtenking hjå Dostojevski og Bakhtin.»

2000: Om liberale dilemma i en global økonomi. Skjervheimførelesing ved Kåre Willoch.

1999: Kunnskapsregime under kritikk. Skjervheimførelesing ved professor Øyvind Østerud: «Om makt og demokrati».

1998: På leit etter det sivile samfunnet. Skjervheimførelesing ved professor Francis Sejersted: «Om ytringsfridom.»
Etter seminaret redigerte vi boka Det sivile samfunn. Oppseding, verdiar og offentleg meining (Aschehoug 1999).

1997: Folkedanning og folkehelse. Skjervheimførelesing ved professor Dag Østerberg.

1996: Seminar om arbeidet til Hans Skjervheim, som då vart 70 år. Det var 17 innleiarar frå UiB, UiO, UiT og andre. Etter seminaret redigerte vi boka Regime under kritikk. Om Hans Skjervheim i norsk filosofi (Aschehoug 1997).